VISJON
Toleranse - Leik - Meistring

Eikefjord barnehage er annerkjennande og inkluderande for alle.
Hos oss står toleranse, leik og meistring i høgsete.
Vi er tydelige og trygge vaksne som gjer feedback og oppmuntring til kvarandre.
Ved å være hjelpsame og imøtekommande skaper vi eit godt og åpent klima.
BARNA
Barna våre er trygge og tillitsfulle og dei blir sett, hørt og forstått. Vi er dyktige i å observere og sikre at alle blir ivaretatt. Vi har engasjerte barn som får rikelig med utfordringar tilpassa deira utviklingsnivå, og vi oppmuntrar dei stadig til undring. Vi gjer barna våre oppgåver som dei er interessert i og dei vaksne gjenkallar og vidarefører desse opplevingane saman med barna. Hos oss får barna alltid eit fang å sitte på og kan fordjupe seg i den gode samtalen.
TILSETTE
Vi vaksne er gode rollemodellar for barna og for å gjere ein god jobb vidareutviklar vi oss i høve barnas utvikling og korleis dei lærar best. Vi jobbar også med å skaffe meir kompetanse innan barn med spesielle behov. Vi sørgjer for tid til evaluering av vårt arbeid for å sikre refleksjon og vidareutvikling.
HEIMEN
Samarbeid med foreldre er gull verdt, derfor legger vi alltid vekt på å ha ein god dialog og kommunikasjon med føresette. Hos oss møter de eit personale som er kyndige i IKT for å vere der barna er og følgje med i tida.