
OM OSS
Eikefjord barnehage åpna i Januar 1987.
Barnehagen vart nylig bygd på og var ferdigstilt i 2016.
Vi fekk då ei ny avdeling og nytt administrasjonsbygg.
Vi har og ein kjøkkenhage under utvikling og eit nytt uteområde som var ferdigstilt sommaren 2017.
Vi har tilgang på eit flott skogsområde og ei strand. Barnehagen har og ein eigen båt som vi nyttar til fisking og utforsking av livet i fjorden.
​
Vi har 60 plasser fordelt på 4 avdelingar.
Saman med barna fokuserer dei vaksne på:
BEREKRAFTIG UTVIKLING
gjennom å jobbe med blant anna
KJØKENHAGE OG SJØLIV.
FOKUSOMRÃ…DER
Toleranse, Leik, Meistring
BÆREKRAFTIG UTVIKLING
Kva kan vi gjere for at dagens menneske får dekt sine behov, utan at dei øydelegg framtidige generasjoners moglegheit til å få dekt sine?
Her handlar det om å tenke og handle globalt, nasjonalt og lokalt. Vi skal bidra til at barn kan få en innsikt i at dei valga vi tek i dag vil få konsekvensar for framtida.
MAT OG HELSE
Dagens barnehagebarn sitt kosthold består i stor del av den maten dei et i barnehagen.
Uansett om den er laga i barnehagen eller i hjemmet så har den stor betydning for barnets utvikling og helse.
I følgje rammeplanen skal barnehagane bidra til at barna kan tileigne seg gode vanar, kunnskap og holdningar om mat, hygiene, kvile og aktivitet.
IKT
Vi jobbar for at IKT i barnehagen skal vere ein naturleg del av barna og dei vaksne sin kvardag.
Når digitale verktøy blir nytta på ein god måte så kan desse vere ei kilde til inspirasjon for barnets kreative uttrykk.
Vi jobbar for å stadig utvikle vår eigen kunnskap innanfor IKT og bruken av digitale verktøy i kreative uttrykk og læringsprosessar saman med borna.
SJØLIV
Eit av våre mange oppdrag er å bidra til at barn blir glade i naturen og ynskjer å ta vare på den for framtida.
At barna får gode opplevingar i fellesskap "til lands og til vanns og i lufta med" kan vere med på å bevisstgjere borna i å ta vare på naturen og glede seg over den.
HAGE
Barn skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen heiter det i barnehagelovens formålsparagraf. Ein av rammane for dette arbeidet er kjøkkenhagen vår. Her skal barna følge vekstar frå frø til føde.
Dei tek del i planting, vatning, gjødsling, kompostering og hausting. Eit mål her er at barna tek ein aktiv del i heile prosessen.